85 nye på Stord!
Publisert
24. oktober 2006
Rune Ask forteller: "Me har hatt eit rekordstort inntak av nye medlemmar i Stord Taekwon-do klubb denne hausten. Frå å ha lugge på ca. mellom 10 og 20 nye medlemmar pr. år, har me dette året fått inn ca 85 nye medlemmar, og det er fleire grunnar til dette:
For det første har me starta opp med TKD i SFO-tida på ein barneskule som eg sjølv jobbar på, og der klubben har treningstider. Kvar torsdag kl 1400 er det primært trening for SFO elevar, men også for andre elevar på skulen som er interesserte i å trena. Desse elevane har meldt seg inn i klubben, og fleire av dei trenar og på kveldstid med dei andre nybyrjarane (borna). Dette er eit tilbod som har blitt svært godt mottatt av elevar, foreldre, rektor og andre lærarar på skulen. Etter direktiv frå høgare hold, skal skulane driva med meir fysisk fostring i skuledagen, men det er ingen ekstra timar/ressursar som følgjer med dette vedtaket. Dette er difor ein «vinn-vinn situasjon», der skulen får kostnadsfritt meir fysisk fostring blant elevane, me får fleire medlemmar. Det er ca 40 stykk som har takka ja til dette tilbodet.
Elles har me lagt stor vekt på marknadsføring denne hausten. Me har «tapetsert» øya med plakatar, hatt oppvisningar, annonser i avisa og me har fått god mediadekning dei siste månadane i form av gode reportasjar i avisa og fleire intervju på nærradioen.
Nytt av året er at me har hatt reklame på nærradioen som når ca 15000 lyttarar i heile Sunnhordland-området. For ein pris på 3000 kroner fekk me 100 spottar som gjekk til forskjellige tider i 14 dagar. Teksten i reklamen laga/skreiv me sjølv, men me fekk profesjonelle til å lesa den inn, og det blei faktisk veldig bra. Me har fått mange positive tilbakemeldingar på reklamen, og veit at mange fann vegen til treningslokalet «gjennom radioen».
Den viktigaste grunnen til den store medlemsauken er at me har fått ein «ny giv» i og rundt klubben. Folk er nøgde, og det ryktet sprer seg. Den viktigaste faktoren for rekruttering av nye medlemmar, er dei medlemmane me har. Me har fått fleire henvendelsar av venner og slektningar av nybyrjarar som vil byrja, men me har diverre ikkje kapasitet til å ta inn fleire før i januar. Då startar me opp nybyrjarkurs for born.
Dette er det me i korte trekk har gjort. Ideen og motivasjonen fekk eg då eg var på sommarleir og Masteren «gav oss eit spark bak» og gode idear om korleis me skulle få fleire medlemmar til klubbane, men eg hadde aldri drøymt om at det skulle ta så av her på Stord..."
Klikk her for å se bilder fra trening på skolen.
Klikk her for å se bilder fra nybegynnere på trening.