Populært Masterbesøk

Publisert
7. november 2007
Tekst: Siri-Karin Myklebust. Foto: Yeshe Matos og Jolien deVries

Masteren har vore i Surnadal på sommarleir kvar sommar sidan 1990, og han trivest veldig godt. Han har også vore gjestelærar fleire gonger.
- Kva synes du om tilbodet her ved skulen?
- Eg synes det er eit unikt tilbod med tanke på taekwon-do linja. Eg synes det er bra at folk som er heilt ferske kan komme hit å få god introduksjon. Eg synes også det er artig å sjå at mange vidarekomne som har gått her har vorte instruktørar.

Elevane set tydleg pris på å få besøk. Vi spurde to av elevane om kva dei synes om at Masteren er komt på besøk.
- Eg synes det er supert. Han er utruleg dyktig og eg lærer veldig masse av å ha han på besøk, seier Linn Anita Lundager. Ho har nettopp kome att frå NM med gull i sparring.
Kristian Eikeset synes også det er kjempeartig.
- Eg synes det er bra å kunne få inn ein som er høgare gradert. Eg har lært utruleg masse, seier Kristian som har teke turen heilt frå Bergen for å gå på skule her.