Superveke på Gran Canaria!
Publisert
14. januar 2008

Tekst og foto: Andreas Aarseth Kristoffersen 1. Dan-2
Etter å ha spart lommepengar i eit år, fekk eg heldigvis akkurat nok euro til å vere med på den 11. vinterleiren på Gran Canaria. Saman med 13 andre bleike moldensarar drog eg 2. januar til sol, sveitte og fotblemmar. Nokre endringar i høve til tidligare år, møtte oss då vi kom fram til Playa Del Ingles seint på natt: Nytt fint bungalowhotell (Los Arcos), og den triste beskjeden om at Snorre Edvardsen dessverre ikkje var med grunna sjukdom.

Torsdag 3. januar kom 64 kvitkledde og motiverte utøvarar til hallen Pabellon Municipal Maspalomas, og her blei det ein brå slutt på juleferien: Hallgeir Betele hadde sikra seg ein kompetent sjukevikar for Snorre Edvardsen, Omid Hassanipour, og dei to karane kasta ikkje vekk tida med fjas og fingergymnastikk. Når Omid ropar "Oppstilling", er det ingen som er i tvil om kva dei skal gjere. Hallgeir Betele viste nok ein gong for ein kraftfull inspirator og fagleg dyktig trenar han er. Gode hjelpeinstruktørar (Truls Hotvedt, Magnus Krekvik, Jan-Inge Engelsen, Andrea Bjarvin og Halvor Larsen) bidrog til høgt tempo og gode avslutningar. Eg opplevde at treningane omfatta alle disiplinane innan Taekwon-Do. Her var det alt frå sparring, mønster, spark, sjølvforsvar - eller frigjering som Betele kallar det-, styrke og kondisjon. Eg trur alle uansett grad og alder opplevde at dei fekk kvalitetstrening og gode individuelle råd på vegen vidare.

Sjølv om det ut frå kroppen stundom kjendes ut som om alt berre handla om trening, var den sosiale sida ved opphaldet også særs viktig og vellukka. Det er rart kor mange kjekke folk som driv på med Taekwon-Do, og dei aller kjekkaste vel av ein eller annan grunn å reise på vinterleir. Her var det mykje moro, og eg vil spesielt trekke fram det sosiale arrangementet i Mas Palomas Parken fyrste dagen etter trening. Eg vonar at resultatservice har fått med seg at mitt lag vann suverent den svært seriøse konkurransen! Premien har vi diverre ete opp, så det hadde vore fint om prestasjonane
kom på trykk.
Ellers var veret heilt på topp med gode badetemperaturar. Mange kunne nok tenke seg ei ekstra veke på Playa'n, men 9. januar tok flyet oss attende til Vinter-Noreg. I min koffert låg to usannsynleg skitne do-bokar og eit klamt sparringsutstyr, litt sand frå Mas Palomas ørkenen, uleste bøker og ei tom lommebok.
Ein stor takk til Hallgeir Betele, Omid Hassanipour, hjelpeinstruktørar og deltakarar på vinterleiren. Vonar å sjå dykk alle på leir i 2009!
